- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4
Utstillingsopning - "Sterkoder" - Jan Henning Larsen
Enkel servering, musikkinnslag ved Silje Solberg, hardingfele
Kvar vår vil Herdla museum presentera ein Askøy-kunstnar. Me starta opp i fjor med Håkon Johannessen, i år står Jan Henning Larsen for tur. Gjennom si meir enn 25 år lange karriere har Jan Henning arbeidd i ulike teknikkar og med ulike motivkrinsar. Det som går att er det røffe og upolerte uttrykket. Elles vitnar arbeida hans om ein kunstnar som ikkje tek seg sjølv alt for høgtidleg.