Opplev Herdla med heile familien
Museet er eit godt utgangspunkt om du skal oppdaga Herdla saman med barn. Her kan du få kart og tips til både korte og lange turar. For dei minste er det mykje å finna på i og rundt museet. Museet har ein triveleg lekekrok der barna kan kose seg med spel, mange bøker og andre spennande leiker. Her kan dei òg teikne og utfalde seg kreativt, og det finst leiker som passar godt for dei minste. Alt ligg til rette for leik, utforsking og gode opplevingar. For dei største kan det vera spennande med ein tur langs Vestrefjæra eller til Ytste Valen. Det mest populære tilbodet vårt er utleige av tråbilar.
I eit eige hus, like sør for museet held Bua – Herdla til. Her er det råd å låna fiskeutstyr, telt, soveposar og anna friluftsutstyr.