Hopp til hovedinnhold

Utleige

Konfirmasjon, åremålsdag eller slektsstemne? Museet har fleire lokale du kan leiga, med eller utan servering. Ta kontakt for prisar eller for eit besøk for å sjå på lokala.

Me leiger ut tre lokale; kafeen, flyhallen og utstillingssalen. Medan det er plass til 30-40 gjester i kafeen så kan det dekkast til meir enn det doble i utstillingssalen. Også flyhallen har god kapasitet. Med eigen inngang og eige kjøken slepp ein her å ta omsyn til museet sine opningstider.

Når du leiger hjå oss kan du anten ordna maten sjølv eller bestilla via museet. Me samarbeider med Salt & Peter som serverer alt frå enkle lunsjmåltid til middag med fleire rettar.

Seminar eller konferanse

Me kan ta i mot opptil 70 personar for møte, konferansar og seminar - med servering etter ønske. Hjå oss kan du kombinera seminaret med ei museumsoppleving i form av foredrag, omvising i utstillingane eller ein guida tur til t.d fugletårnet eller torpedobatteriet.

  • 1/11
  • 2/11
  • 3/11
  • 4/11
  • 5/11
  • 6/11
  • 7/11
  • 8/11
  • 9/11
  • 10/11
    Andre etasje kan leigast til ulike arrangement.
  • 11/11
    Silje Katrine Robinson | Stiftelsen Museum Vest