Hopp til hovedinnhold

Grupper

Skal du på utflukt med foreininga, vener eller kollegaer? Då Kan Herdla museum vera midt i blinken. Me skreddarsyr eit tilbod etter interesse og ønske. Grupper tek me imot heile året, også utafor dei ordinere opningstidene.

  • 1/1

Utover omvising i utstillingane tilbyr me biletforedrag om Herdla si historie eller om fuglelivet på øya, men me kan også ta gruppa med på ein guida tur rundt på Fortet, inkludert besøk i Herdla torpedobatteri. Me kan vidare tilby ein rundtur på Askøy i samarbeid med Askøy museumslag.

I kafeen serverer me kaffi og lappar/kakar. Til grupper kan me også tilby varm mat. Museet er universelt utforma med god tilkomst og eit flott uteområde. Grupper på over 20 personar får redusert billettpris. Sjåfør/guide får gratis inngang.

Museum24:Portal - 2024.09.30
Grunnstilsett-versjon: 2