Hopp til hovedinnhold

Guida turar

Me har faste turar i torpedobatteriet, men kan også freista med andre alternativ. Kva med ein guida tur i fuglereservatet eller ei krigshistorisk vandring på Fortet?

Tidspunkt for dei faste turane til torpedobatteriet finn du på heimesida. Dette er turar som er opne for alle. Kjøper du billett i forkant sikrar du deg plass om pågangen skulle bli stor. Om tidspunktet for den oppsette turen ikkje passar, er det mogleg å bestille ein privat guida tur.

Ein guida tur til naturreservatet tek 1,5 -2 timar og kan gjennomførast heile året, men er kanskje mest aktuell vår og haust når store flokkar med trekkfuglar er innom Herdla.  Vil bli kjent med fuglane gjennom songen kan me i perioden april -juni leggja opp eigne turar med dette som tema. Min. 10 deltakarar.

På den krigshistorisk vandringa vil me opppsøkja dei mange spora som står att etter den tyske okkupasjonen, inkludert torpedobatteriet.

Guida turar kostar 200 kr per person, minimum 2000 kr.

Museum24:Portal - 2024.09.30
Grunnstilsett-versjon: 2