Hopp til hovedinnhold

Skule og barnehage

Me kan tilby gode alternativ til klasseromsundervisinga i form av turar/ekskursjonar der me kombinerer fag med uteaktivitetar. Det kan vera snakk om å observera fuglelivet på Valen, studera livet i fjøra eller oppsøkja ruinar og bunkerar frå okkupasjonstida.

  • 1/5
  • 2/5
  • 3/5
  • 4/5
  • 5/5

Herdla museum skreddarsyr halv- eller heildagsopplegg for alle alderstrinn. Me brukar museet, men først og fremst sjølve øya som ramme for undervisninga. Tilboda våre går særleg i to retningar; krigs- og forsvarshistorie / naturfag, men me kan også tilby opplegg knytt til kystkultur, sjø og friluftsliv.

Ta direkte kontakt med muséet for spørsmål/bestilling!

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 2