Hopp til hovedinnhold

Historie

Herdla Museum blei opna i samband med frigjeringsjubileet den 8. mai 1995.

  • Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

I forkant var det gjort eit stort arbeid med å opparbeida høvelege lokale. Utgangspunktet var eit eldre bustadhus som fekk eit nytt påbygg. Også utstillingane, som hadde hovudfokus på Herdla si krigshistorie, blei bygde opp frå grunnen av. Sentral i arbeidet var Gunnar Jensen som på dette tidspunktet var øvstkommanderande på Herdla fort. Vidare ytte medlemmene i Herdla sogelag ein stor innsats. Elles var økonomisk stønad frå Askøy kommune ein føresetnad for at museet kunne etablerast. Kommunen har også representert grunnlaget for den vidare drifta.

Sidan oppstarten har museet utvida fokuset sitt slik at utstillingane no også tek for seg andre sider ved Herdla enn krigshistoria. Her kan nemnast tema som fugleliv, geologi og gardshistorie. I 1999 blei museet utvida ved at ei tyskarbrakke blei flytta til museumsparken. I kjellaren blei det laga til magasin, lager og kjøken. Den siste utvidinga av verksemda kom i 2007 då vraket av eit tysk jagarfly, opphaveleg stasjonert på Herdla, blei deponert på museet.