Hopp til hovedinnhold

Herdla torpedobatteri

Gjennom første halvdelen av 1990-talet blei gamle tyske batteriet på Herdla modernisert og utstyrt med den mest moderne teknologien som fanst på denne tida. Berre fem år seinare var det slutt. Saman med resten av Kystartilleriet blei batteriet lagt i møllpose, før det nye ti år seinare blei freda som kulturminne. På dei guida turane våre får du sett det fullt utrusta anlegget frå innsida.

  • Menn sit ved kontrollane i torpedobatteriet som var operativt fram til 2001.
    Torpedobatteriet var operativt fram til 2001.

Ein innhaldsrik rundtur

På veg ned mot sjøen får du kjennskap til den militære samanhengen batteriet stod i. Turen går først innom bunkerar for støttefunksjonar (radar, EO-sensor) før du entrar kommandoplass som ligg i eigen fjellhall. Her får du vita meir om både mine- og torpedovåpenet, forutan kjennskap til organiseringa av eit fort som dette.

Turen held deretter fram ned til kaien og sjølve torpedobatteriet. Via verkstaden og ABC-slusa kjem du inn i torpedohallen der torpedoane ligg klare til utskyting. Du får også vitja forlegningfløyen, den delen av anlegget som er minst endra sidan krigen.

  • Ein torpedo skytast ut frå torpedobatteriet på Herdla.
    Torpedoutskyting frå torpedobatteriet på Herdla.

Praktiske opplysningar

Den guida turen startar ved flyhallen på Herdla fort der du også løyser bilett. Turen tek ca ein time og 15 min. Då mykje av turen foregår i friluft er det viktig med gode klær dersom været er dårleg. Omvisning i torpedobatteriet kan bestillast.

Fakta

  • Herdla torpedobatteri blei etablert av den tyske okkupasjonsmakta og overteke av det norske forsvaret etter krigen.
  •  Anlegget blei modernisert i fleire omgangar, siste gang i samband med den store opprustinga av kystforta i perioden 1987 -1995.
  •  I 2001 hamna batteriet i møllpose saman med resten av kystforta. I prosessen rundt avvikling blei det bestemt å ta vare batteriet som eit av fire anlegg som samla representerer kystforsvaret si historie under den kalde krigen.
  • 1/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 2/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 3/18
    Herdla Museum / Stiftelsen Museum Vest
  • 4/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 5/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 6/18
    Siri Giil Rolland / Stiftelsen Museum Vest
  • 7/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 8/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 9/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 10/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 11/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 12/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 13/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 14/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 15/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 16/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 17/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 18/18
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 2