Hopp til hovedinnhold

Herdlekyrkja gjennom hundreåra

I nærare 900 år har kyrkja på Herdla vore eit landemerke og knutepunkt i øyriket nord for Bergen. Kyrkja har hatt ei omskifteleg historie og er vigsla heile tre gonger, men lever framleis opp til heidersnamnet "Øygardskatedralen".

Vigd til St. Nicolas

St. Nikolauskyrkja i Herdla, med dei øyane som høyrer til, og alt anna som det same klosteret eig, skal i all tid bli under St. Peter og vårt vern. (Pave Eugenius III sitt vernebrev for Munkeliv kloster av 7. januar 1146)

Dette er den første kjelda som fortel om ei kyrkje på Herdla. Kor gammal ho då var er ikkje råd å slå fast. Soga fortel at kong Øystein, som kom på trona i 1103, skal ha hatt ei særleg omsut for dei sjøfarande og reist både kyrkjer og losjihus langs leida. Var Herdla ei av kyrkjene han f

Frå klostergods til kongeleg kapell

I 1146 er det Munkeliv kloster på Nordnes i Bergen som eig både Herdlekyrkja og øyane rundt. Klosteret var grunnlagt av den same kong Øystein. Truleg var det slik at Munkeliv fekk eigedomar frå kongen mot at munkane tok på seg ansvaret for både kyrkja på Herdla og ei tilsvarande «sjømannskyrkje» på Kvitsøy. På slutten av 1100-talet gjorde Munkeliv kloster eit makeskifte med biskop Pål i Bergen. Munkeliv sa frå seg kyrkja på Herdla med tilhøyrande jordegods og fekk i staden garden Mo i Kvam. I eit pavebrev frå 1308 er kyrkja på ny nemnd, no som eit av 14 kongelege kapell og mellom desse rangert som nr. 12.

  • 1/1

En tårnløs gotisk langkirke

Den opphavlege St. Nikolauskyrkja på Herdla var ei lita, enkel steinkyrkje. At stein var valt som byggjemateriale var nok ei prestisjesak for konge og klostervesen. Om kyrkja var aldri så smålåten så var ho i alle fall i stein slik det var vanleg i resten av Europa.

Rundt år 1300 blir den gamle kyrkja ombygd og utvida. Dette kan ha skjedd i samband med den nye statusen som kongeleg kapell. Grunnflata vart større, men fasongen var den same. Med veggar som var 120 cm tjukke var dette eit solid byggverk. Eit ganske stort vindauge i gavlen mot vest gav sikkert eit fint lysspel i det tidlegare så mørke kyrkjerommet.

På private hender

Etter reformasjonen fungerte soknekyrkjene som sjølvstendige stiftingar der bøndene i sokna stod for vedlikehaldet. Eigedomsretten til kyrkja og kyrkjegodset hadde ikkje vore noko tema før regjeringa i København på 1720-talet slo fast at dette var kongens eigedom. Gjennom sal kunne staten auka sine inntekter og kyrkje etter kyrkje hamna på auksjon. Med på kjøpet fekk den nye eigaren alle rettar som følgde eigedomen, han skulle på si side vedlikehalda kyrkjebygget og stå for det inventar og utstyr som høyrde med.

I 1727 kom Herdlekyrkja under hammaren. Kjøpar var kyrkja sin eigen sokneprest Hans Whitte i Manger som sikra seg alle kyrkjene i prestegjeldet. Sidan skifta kyrkja eigar fleire gonger før «Herløe Sogns Almue» i 1859 kjøpte kyrkja av Dankert Dankertsen Krohn.

  • 1/1

Ny kyrkje vert reist

En faldeferdig Graastensbygning der endog i længre Tid stod ubenyttet. Slik blir kyrkja skildra i ei kjelde frå 1850-talet.Etter at ein storm hadde gjort ytterlegare skade blei kyrkja riven i 1861. Det var nok ikkje berre tilstanden som låg til grunn for denne avgjerda, men også ei ny lov som kravde at kyrkjene skulle romma ein 1/3-part av innbyggjarane i sokna. På Herdla måtte det difor ei ny kyrkje til.

Ein av dei fremste arkitektane i landet, Christian Henrik Grosch, fekk i oppgåve å teikna den nye kyrkja som skulle romma heile 700 menneske. Stein frå den gamle kyrkja blei brukt til å reisa den nye, men det var langt frå nok. For å koma i mål plikta alle gardbrukarane i sokna å skaffa ein famn med hoggen stein som…blev baaret til sjøs fra gaardene, ført i store og smaa baater til Herdlevaagen og derfra baaret på ryg op til kirkestedet.

Ved restaureringen i 1910 blev kirken som ny

Inventaret i Herdlekyrkja stod ikkje heilt i stil med det staslege ytre. Dessutan hadde nærare 50 års bruk sett sine spor. Dåverande sokneprest Dankert Skagen ville gjera noko med dette og drog i gang ei innsamling. Golv og benkar vart skifta ut og ikkje minst - preikestolen frå gamlekyrkja, datert 1631, kom no på plass.

  • 1/1

Brent og gjenreist

Om kvelden den 29. august 1934 byrja det å brenna i løa på Herdla gård. I den kraftige kulingen frå søraust bles eit gneistregn over mot kyrkja som også tok fyr. Sløkking var fånyttes, men mannskapa klarte å redda ut delar av inventaret før taket rasa saman. Dagen etter stod berre dei svarte murane att. Det største tapet var nok preikestolen som er omtala som eit  av hovedverka innan vestnorsk kyrkekunst frå 1. halvdelen av 1600-talet.

Den 25. september 1935, berre vel eit år etter brannen, kunne biskop Fleischer vigsla kyrkja på ny. Under leiing av den unge arkitekten Ole Halvorsen var kyrkja ikkje berre gjenreist, ho var …efter alles mening skjønnere og vakrere enn noensinde.

  • 1/1

Rasert av okkupanten

I januar 1942 gjorde tyske styresmakter det kjent at både tak og tårn på kyrkja skulle rivast. Truleg meinte tyskarane at kyrkja fungerte som eit landemerke for allierte fly under deira raid på kysten. Oppmodingar om å spara kyrkja førte ikkje fram, men det blei i det minste opna for at preikestol, orgel og anna verdfullt inventar kunne takast ut og sikrast.

Med dynamitt skaut dei ned heile tårnet, tok taket av og la flatt tak på att. Dei brukte henne først til lagerrrom for ymse sprengstoff, sidan til å lagra sement i. Midt i golvet var grave eit hol ned til tunellane dei hadde grave under kyrkjegarden. Då bispinna vår, fru Fleischer såg inn i kyrkja etter krigen, sa ho berre: Å Herre Gud.

  • 1/1

Ei uviss framtid

Dersom denne herredsreguleringen foretas, antar Fylkesmannen at det ikke vil være hensiktsmessig å bygge opp igjen kirken på Herdla.

Etter brannen i 1934 tok det berre eitt år før kyrkja var gjenreist. Denne gangen skulle det gå nærare 10. Alt våren 1946 blei det sett ned ei byggjenemnd, men sentrale styresmakter ønskte inga ny kyrkje på Herdla.

Eit forhold var at dei såg for seg nye kommunegrenser der Herdla ikkje lenger ville vera noko knutepunkt. Hovudinnvendinga var likevel knytt til planane om ny hovudflyplass på øya og då passa det dårleg med eit ruvande kyrkjebygg like i innflyginga. Etter sterkt lokalt press gav Forsvarsdepartementet hausten 1949 løyve til gjenreising , men stilte som krav at høgda på både tak og tårn skulle reduserast.

Våren 1951 blei Herdla kyrkje vigsla på ny, denne gongen av biskop Rangvald Indrebø.

Det blei aldri noko flyplass på Herdla og i 2008 blei tårnet tilbakeført til si opphavlege høgd. Kyrkja er framleis soknekyrkje for den nordre delen av Askøy.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2