Hopp til hovedinnhold

Geologi på Herdla

Øya Herdla er eit produkt av isbreen si siste framrykking for rundt 12 000 år sidan.

  • Rullesteinstranda på vestsida av Herdla ligg bada i høstsol
    Rullesteinstranda på vestsida av Herdla

Isen og issmeltinga førte då med seg dei lausmassane som karakteriserer Herdla i dag. Langs Vestfjæra finn du det einaste dømet på moreneklintkyst i Hordaland. Ovanfor rullesteinsstranda er det ein bratt skrent som følgje av at sjøen har grave seg inn i morenen. Her kan du studera korleis massane er sette av lagvis i ei tid då havnivået var langt høgare enn no. 

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2