Hopp til hovedinnhold

Utleige - Private

Museet kan vera ei god ramme for markering av merkedagar som bryllaup, konfirmasjon, dåp, bursdag og gravferder.

Me leiger ut tre lokale som har ulik standard og storleik. Utleiga vert tilpassa museumsdrifta elles og såleis vil ikkje alle lokala vera tilgjengeleg heile tida. Dersom du ikkje kjenner museet godt frå før vil me tilrå at du kjem innom for å sjå på lokala og få kjennskap til dei tenestene me kan tilby. Jo tidlegare du er ute med bestillinga, jo lettare er det for oss å gje eit godt tilbod.

Kaféområde

Museumskafeen ligg i museet sin 1. etasje med flott utsikt over Valen. Ein stor peisomn er med å gje rommet ein eigen atmosfære. Her er det plass til 30-40 gjester, anten ved småbord eller langbord. Rommet kan utvidast eller stengast av, alt etter årstid og kva som elles skjer på museet.

  • 1/6
  • 2/6
  • 3/6
  • 4/6
  • 5/6
  • Bilde av lange dekte bord i kafeen i første etasje på Herdla Museum.
    6/6
    Dekte bord i kafeen i første etasje på Herdla Museum.

Utstillingsområde

Dette er eit stort, ope lokale som vert nytta til utstillingar, konsertar, foredrag og selskap. Her er det plass til rundt 80 personar. Det som kjenneteiknar rommet er den store glasveggen mot aust som sørger for eit eineståande utsyn over Valen, Herdlefjorden og Eldsfjellet. Elles får rommet litt ulik karakter, avhengig av kva utstilling som vert vist.

  • 1/4
  • 2/4
  • Konsert i andre etasje på Herdla Museum med utsikt til Valen i bakgrunnen. Me ser ein som spelar på keyboard og ein på cello.
    3/4
    Konsert i andre etasje på Herdla Museum med utsikt til Valen i bakgrunnen.
  • 4/4
    Andre etasje kan leigast til ulike arrangement.

Flyhallen

Dette er eit stort, ope lokale med plass til rundt 70 personar. Lokalet har eigen inngang, sofakrok og storskjerm. Eit fullt utstyrt kjøken er knytt til hallen og står til leigetakarane sin disposisjon.

  • 1/1

Vilkår / alternativ

Den som leiger kan arrangera borda, pynta og elles klargjera lokala etter eige ønske. Når tilskipinga er over skal lokalet tilbakeførast til slik det var. Grunnprisen for det einskilde lokalet inkluderer eit basis dekketøysett. Bruken av museumskjøkenet må avtalast og tilpassast museet sine opningstider, dette gjeld ikkje Flyhallen som har eige kjøken. På førespurnad kan museet stå for oppdekking og pynting. Det er vidare råd å leiga museet sitt festdekketøy som inkluderer porselenstallerkenar, stetteglas og kvite dukar. Er det ønskeleg kan museet også tilby vask- og servitørtenester. Me kan gje eit samla pristilbod på aktuelle tilleggstenester.

Når ein sjølv står for maten

I museet si opningstid vil tilgangen til kjøkenet vera avgrensa, såleis er det viktig at behovet vert avklart på førehand. Når ein sjølv står for maten kjem det ein kuvertpris i tillegg til leiga. Me vil under heile arrangementet vera til stades på kjøkenet for å finna fram servise/utstyr og ta imot det som skal i oppvasken.

Matbestilling

Når det gjeld servering til selskap/arrangement så samarbeider museet med Salt & Peter. Det inneber at me kan tilby alt frå enkle lunsjmåltid til middag med fleire rettar. Er det aktuelt med matbestilling så foreslår me først ein samtale om aktuelle menyforslag, deretter utarbeider Salt & Peter eit pristilbod. Bestillinga kan gå via museet eller direkte til Salt & Peter.

Gå gjerne inn på heimesida til Salt & Peter for å få idear til kva som kan stå på menyen. Det som kjenneteiknar maten herifrå er at den er heimelaga, at porsjonane er rikelege og at råvarene er kortreiste så langt dette let seg gjera.

Prisar

KaféområdeUtstillingsområde
2. etasje
Flyhallen
Kapasitet40 personer80 personer70 personer
Utstyrlydanlegg storskjerm, lydanlegg storskjerm, lydanlegg
Tilgang til kjøkkenet--eget kjøkken
Toalettmuseets toalett
(3 stk)
museets toalett
(3 stk)
eige toalett (1 stk)
Pris utanom opningstider (dagtid)*
4500 kr

6000 kr
3000 kr
(flere dager 2500/døgn)
Pris i høysesongen og helgene (dagtid)*
6500 kr

8000 kr
4000 kr
(flere dager 3000/døgn)
Medbrakt mat, kake, kaffe60 kr /kuvert60 kr /kuvert-
* Prisen for tenestene våre inkluderer eit opphald på 5 timar. Førebuing til arrangementet kan gjerast på førehand, og opprydding kan utførast dagen etter, føresett at museet ikkje har andre arrangement på desse tidene. Førebuingar og opprydding bør hovudsakleg utførast innanfor museet si ordinære opningstid, som er måndag til fredag frå kl. 09:00 til 16:00, og på laurdagar når det er ope frå kl. 12:00 til 17:00. Arrangementsførebuingar eller opprydding utanfor desse tidene vil medføre ein ekstra kostnad på 400 kr per time.
Dersom arrangementet varer lengre enn 5 timar vil det koma eit påslag på 500 kr/time. Strekkjer arrangementet seg til etter kl. 17 blir påslaget 200 kr/time. Likeins vil det koma ein ekstra kostnad 300 kr/time for arrangement som vert avslutta etter kl. 20 på kvelden.
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2