Hopp til hovedinnhold

Kafé og butikk

Hos oss kan du nyta utsikta saman med ein kopp god «bykaffi» anten ved peisen eller ute i det fri. I butikken finn du bøker og spennande gåveartiklar.

  • Herdla Museum / Stiftelsen Museum Vest

Kafé

Kafeen vår finn du like innafor døra i museumsbygget. Rommet er lyst og triveleg med flott utsikt over Valen. Om vinteren fungerer kafeen som ei lukka varmestove med ein stor peis som midtpunkt i rommet. Om sommaren skyv me veggane til sides og opnar bygget opp mot uteserveringa som ligg lunt til på sørsida av museet.

 Me tilbyr kaffi, kaker og smårettar forutan kioskvarer. For grupper som bestiller på førehand kan me også tilby middagsservering.

Butikk

I museumsbutikken har me eit spennande utval av gåveartiklar med natur som fellesnemnar. Me har også eit utval bøker innafor felta lokalhistorie, 2. verdskrigen og natur/fugleliv. Vidare sel me honning, saueskinn og andre varer frå lokale produsentar.

  • Kafé og museumsbutikk på Herdla Museum
    1/5
    Kafé og museumsbutikk på Herdla Museum Siri Giil Rolland
  • 2/5
    Kafé Siri Giil Rolland
  • Bilde av lekekroken på Herdla Museum med tegnebord
    3/5
    Lekerom på Herdla Museum. Siri Giil Rolland / Museum Vest
  • Bilde av lange dekte bord i kafeen i første etasje på Herdla Museum.
    4/5
    Dekte bord i kafeen i første etasje på Herdla Museum.
  • 5/5
    Peis og sitteområde Herdla Museum / Stiftelsen Museum Vest
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2