Hopp til hovedinnhold

«Sterkoder» - Jan Henning Larsen

Jan Henning Larsen (f. 1966) er utdanna ved Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen (SHKD). Han var ein periode knytt til Myren kunstnerverksted på Torshov i Oslo før han etablerte seg i Sudndalen /Hallingdal. Sidan delte han verkstad med malaren Frode Larsson i Tollboden på Nordnes og i «The funky bunker» i kjellaren på Dreggen hotell. Sidan 2004 har han hatt verkstad i Strusshamn.

  • 1/1

Han seier sjølv at han alltid har teikna og laga bilete. Slik kan ein sjå på kunstnarskapen hans som ei lang historieforteljing som byrja i barndommen og som framleis får nye kapittel.

Jan Henning har eit intenst forhold til Loddefjord, bydelen han kjem frå. Han fortel: Vi har ingen kultur, ingen tradisjon eller identitet som har blitt overlevert. Vi har ikke 300 år gamle gårder, sagn, bunad eller folkemusikk. Stedet oppsto på 60-tallet og vi måtte definere og skape vår egen kultur og identitet. Jeg er veldig stolt av hva vi har fått til, og gleder meg til fortsettelsen. Siste nytt er 5071 puben.

Tema frå norrøn mytologi og kongesoger er motiv som går att i Jan Henning sin kunst, men også kristendom og erotikk har ein stor plass. Han brukte han mykje tid på maleri før han ved SHKD blei introdusert for tresnitt. Då var det som om alt fall på plass; Tresnitt passer svært bra til min måte å lage bilder på. Det går fort, det er ikke så høytidelig, det er lett å lage uttrykk, og lett å lage farger. Bildet blir strammet opp av treplatens form. Dessuten trenger man ikke ta stilling til om bildet er ferdig eller ikke, for bildet er ferdig når det kommer ut av pressen.

I senere tid har Jan Henning teke penselen fatt på ny, men no gjerne gjennom ein blandingsteknikk der han kombinerer maleri og tresnitt. Interessa for treskulpturar ser han på som ei vidareføring av det å arbeida med tresnitt.

I denne utstillinga blir me presenterte for heile registeret i Jan Henning sin produksjon; maleri, skulptur og tresnitt.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2