Hopp til hovedinnhold

Gul 16 - frå kampfly til kulturminne

Gul-16 står utstilt i ein eigen hall inne på Herdla fort. Vraket er skjørt og skakt etter eit dramatisk havari og mange år på havbotnen, men framleis lett å identifisera som ein Focke Wulf 190 - eit av dei mest legendariske jagarflya frå 2. verdskrigen. Ein AV-presentasjon fortel om flyet si historie frå det tok av frå Herdla i 1943 til det kom attende i 2007. I ein eigen monter får du studert våpen og andre spesielle delar.

I 2017 opna ei ny utstilling med modellar av tyske og allierte fly med tilknytning til Herdla saman med historia til flya og flygarane.

  • Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

Fakta:

  • Gul 16 (Gelbe 16) var det operative kjenneteiknet til flyet
  • Flytype: Focke Wulf 190 A-2
  • Havarerte den 15. desember 1943
  • Funne på havbotnen ved Misje i mai 2005
  • Heva den 1. november 2006
  • 1/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 2/7
  • 3/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 4/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 5/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 6/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
  • 7/7
    Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2