Hopp til hovedinnhold

Turar med eller utan guide

Me har som utgangspunkt at Herdla er hovudutstillinga vår. Gjennom ein tur rundt på den 1,6 kvadratkilometer store øya vil du heilt sikkert finna noko som vekkjer di interesse. Me på museet kan tipsa deg om ulike ruter. Me kan også stå for guida turar.

  • Bilde av fuglekikkarar med store kameralinser.
    Herdla er eit godt utgangspunkt for fugleturar med eller utan guide.

Fugleturar kan arrangerast gjennom heile året. Mest aktuelt er dette kanskje vår og haust når det er mange trekkfuglar som rastar på Herdla. Då vil Prestvika og fugletårnet vera eit naturleg mål. Eit alternativ kan vera ein tur i museet sitt nærområde med fokus på fuglesang. Me tilpassar elles turen etter årstida, været og publikum sine ønskje.

Guida turar til torpedobatteriet er ein del av museet sitt ordinære tilbod, men er det ei gruppe som har spesielle ønske om fordjuping i 2. verdskrigen og «Festung Herdla» si rolle så er dette råd å få til.