Hopp til hovedinnhold

Turar

Me har som utgangspunkt at Herdla er hovudutstillinga vår. Gjennom ein tur rundt på den 1,6 kvadratkilometer store øya vil du heilt sikkert finna noko som vekkjer di interesse. Me på museet kan tipsa deg om ulike ruter. Me kan også stå for guida turar.

Tur på Herdlevalen er sjølve klassikaren, men like flott kan ein tur langs i Vestfjæra vera. Denne er ikkje så lang, men spennande ettersom stien går langs den spesielle rullesteinsstranda. På fortsområdet er turalternativa mange. Du kan gå eller sykla langs hovudvegen, følgja joggeløypa eller ta inn på ei av skogsløypene.

  • Utsikt til den flate halvøya (tunga) Valen frå andre etasje i museet med kikkartar
    Utsikt til Valen frå museet Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

Herdlevalen

Herdla fort er eit godt utgangspunkt også om du vil gå tur på Herdlevalen. Dette er ei store strandslette som er eineståande på våre kantar. For å koma ned til Valen følgjer du stien som tek av frå asfaltvegen like etter bommen. Du kan også parkera ved snuplassen for bussen og starta turen derifrå.


  • Siri Giil Rolland / Stiftelsen Museum Vest

Herdla fort

Herdla fort, som i 2015 vart kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Hordaland, kan vera eit godt utgangspunkt. Frå parkeringsplassen kan du velja om du vil følgja den asfalterte vegen rundt området eller turløypa som er litt lengre og krev litt betre fottøy. Undervegs vil du treffa på ulike forsvarshistoriske kulturminner, nokre frå 2. verdskrigen, andre frå etterkrigstida. Du får dessutan flott utsikt både i retning Nordhordland og Sotra/Øygarden.

  • Folk ligg i badetøy på rullesteinstranda på vestsida av Herdla
    Rullesteinstrand på vestsida av Herdla Herdla Museum / Stiftelsen Museum Vest

Vestfjæra

Eit tredje turalternativ er å følgja rullsteinsfjæra langs vestsida av øya. Du kan då starta ved parkeringsplassen like etter brua og følgja stien som går langs stranda nord til komposteringsanlegget. Herifrå går det bilveg forbi skytebanen og tilbake til Herdlevågen.

Turar med guide

Fugleturar kan arrangerast gjennom heile året. Mest aktuelt er dette kanskje vår og haust når det er mange trekkfuglar som rastar på Herdla. Då vil Prestvika og fugletårnet vera eit naturleg mål. Eit alternativ kan vera ein tur i museet sitt nærområde med fokus på fuglesang. Me tilpassar elles turen etter årstida, været og publikum sine ønskje.

Guida turar til torpedobatteriet er ein del av museet sitt ordinære tilbod, men er det ei gruppe som har spesielle ønske om fordjuping i 2. verdskrigen og «Festung Herdla» si rolle så er dette råd å få til.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2