Utstillingane våre

Herdla si krigshistoria fortel me med utgangspunkt vraket av det tyske jagarflyet «Gul-16». Til faste tider viser me også rundt i det freda Herdla torpedobatteri.

I det nye museumsbygget viser me skiftande utstillingar. Her får du også råd om ulike turalternativ og ein guide med på vegen om du ønsker det.

Gul 16 - frå kampfly til kulturminne

Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet Gul-16 av frå Fliegerhorst Herdla. Først 64 år seinare returnerte det. Du kan få sett Gul-16 i ei eiga utstilling på Herdla fort. Her får du også heile historia om flyet sin lagnad.

Eit fasinerande vrak

Gul-16 står utstilt i ein eigen hall inne på Herdla fort. Vraket er skjørt og skakt etter eit dramatisk havari og mange år på havbotnen, men framleis lett å identifisera som ein Focke Wulf 190 - eit av dei mest legendariske jagarflya frå 2. verdskrigen. Ein AV-presentasjon fortel om flyet si historie frå det tok av frå Herdla i 1943 til det kom attende i 2007. I ein eigen monter får du studert våpen og andre spesielle delar.

I 2017 opna ei ny utstilling med modellar av tyske og allierte fly med tilknytning til Herdla saman med historia til flya og flygarane.

 

 Fakta:

  • Gul 16 (Gelbe 16) var det operative kjenneteiknet til flyet
  • Flytype: Focke Wulf 190 A-2
  • Havarerte den 15. desember 1943
  • Funne på havbotnen ved Misje i mai 2005
  • Heva den 1. november 2006

Herdla - heimstad og knutepunkt

Herdla er ei lita øy, men her har det skjedd mykje. Viste du at den legendariske vikingen Egil Skallagrimsson herja her midt på 900-talet, at det har vore kyrkje på øya heilt sidan 1100-talet, eller at det lenge såg ut til at Bergen lufthamn, Herdla skulle bli ein realitet?

Ved hjelp av foto, korte tekstar og eit utval gjenstandar får du her presentert Herdla si historie i konsentrert form. 

Herdla torpedobatteri

Inntil for få år sidan var Herdla torpedobatteri eit topphemmeleg forsvarsanlegg. No er det fullt utrusta batteriet freda som kulturminne og du kan gjennom ein guida tur få ei tidsreise tilbake til den kalde krigen.

Eit komplett forsvarsanlegg

På veg ned mot sjøen får du kjennskap til den militære samanhengen batteriet stod i. Turen går først innom bunkerar for støttefunksjonar (radar, EO-sensor) før du entrar kommandoplass som ligg i eigen fjellhall. Her får du vita meir om både mine- og torpedovåpenet, forutan kjennskap til organiseringa av eit fort som dette.

Turen held deretter fram ned til kaien og sjølve torpedobatteriet. Via verkstaden og ABC-slusa kjem du inn i torpedohallen der torpedoane ligg klare til utskyting. Du får også vitja forlegningfløyen, den delen av anlegget som er minst endra sidan krigen.

Praktiske opplysningar

Den guida turen startar ved flyhallen på Herdla fort der du også løyser bilett. Turen tek ca ein time og 15 min. Då mykje av turen foregår i friluft er det viktig med gode klær dersom været er dårleg. Omvisning i torpedobatteriet kan bestillast.

Fakta

  • Herdla torpedobatteri blei etablert av den tyske okkupasjonsmakta og overteke av det norske forsvaret etter krigen.
  •  Anlegget blei modernisert i fleire omgangar, siste gang i samband med den store opprustinga av kystforta i perioden 1987 -1995.
  •  I 2001 hamna batteriet i møllpose saman med resten av kystforta. I prosessen rundt avvikling blei det bestemt å ta vare batteriet som eit av fire anlegg som samla representerer kystforsvaret si historie under den kalde krigen.

Turar med eller utan guide

Me har som utgangspunkt at Herdla er hovudutstillinga vår. Gjennom ein tur rundt på den 1,6 kvadratkilometer store øya vil du heilt sikkert finna noko som vekkjer di interesse. Me på museet kan tipsa deg om ulike ruter. Me kan også stå for guida turar.

Fugleturar kan arrangerast gjennom heile året. Mest aktuelt er dette kanskje vår og haust når det er mange trekkfuglar som rastar på Herdla. Då vil Prestvika og fugletårnet vera eit naturleg mål. Eit alternativ kan vera ein tur i museet sitt nærområde med fokus på fuglesang. Me tilpassar elles turen etter årstida, været og publikum sine ønskje.

 Guida turar til torpedobatteriet er ein del av museet sitt ordinære tilbod, men er det ei gruppe som har spesielle ønske om fordjuping i 2. verdskrigen og «Festung Herdla» si rolle så er dette råd å få til.

Haakon Johannessen – maleri

Utstilling 12.03-31.05

Du har sikkert sett bileta hans. Dei heng i mange offentlege bygg og heimar rundt på Askøy. Haakon var mest aktiv på 1970- 80-talet og mange av motiva er fine tidsbilete frå denne perioden, der det råd å kjenna att både miljø og personar. 

Dette er den første utstillinga av Haakon Johannessen sin kunst sidan starten av 1980-talet og første gongen heile breidda i produksjonen hans blir vist.

 

Besøk torpedobatteriet!

Herdla torpedobatteri blei etablert av den tyske okkupanten. Etter krigen blei anlegget modernisert i fleire omgangar av det norske forsvaret, siste gang i første halvdel av 1990-talet. Batteriet er no freda og eit besøk her er som ei reise tilbake til den kalde krigen.

I sommar kan du vitja anlegget den 10. juli, den 24. juli og den 7. august. Omvisingane startar kl. 13 og kl. 15 med museet som utgangspunkt. Turen tek ca. 1 time og 20 minutt.