Ytst på Askøy ligg moreneøya Herdla. Den vesle øya har så mykje spennande å by på at den har fått sitt eige museum.
Historie og natur
Herdla er reisemålet for deg som vil kombinera museumsbesøk og friluftsliv. Det opne landskapet og dei lange strendene innbyr til fotturar, bading, fisking og camping
Køyreturen frå Bergen til Herdla tek ca. 45 min. Vel framme kan du parkera på Herdla fort der museet ligg. Herifrå er det kort veg til Herdla naturreservat, det viktigaste fugleområdet i regionen. Fortet er også eit godt utgangspunkt om du vil oppsøkja dei mange krigsminna på øya.
Jagarfly, fuglar og kald krig
Museet held til i eit særprega nybygg på Herdla fort. Her finst faste utstillingar om øya si historie og om natur og fugleliv. Museet sin største attraksjon er vraket av det tyske jagarflyet Gul-16. Kampflyet tok av frå basen på Herdla den 15.desember 1943 for å returnera 64 år seinare som kulturminne.
Museet er også utgangspunkt for dei guida turane til Herdla torpedobatteri. Fram til 2006 var dette eit topphemmeleg forsvarsanlegg. I dag er det fullt utrusta batteriet freda som kulturminne og eit besøk her er som eit reise tilbake til den kalde krigen.
Dette tilrår me
Bruk dagen på Herdla. Start gjerne med rundtur på Valen, den flate landtunga som karakteriserer øya. Sett av minst halvannan time. Ta deretter ein tur innom museet og få med deg Gul-16 og dei andre utstillingane. Etter ein god lunsj i kafeen, lån ein robåt og besøk Skarvøy, ei lita perle ein halvtimes rotur frå Herdla. Avslutt dagen med eit bad i Vestfjæra.
Kafè, butikk og aktivitetsbase
Muséet har ein flott kafè med godt utval. I museumsbutikken finst mange spennande varer med natur som fellesnemnar.
På museet kan du også få turtips og forslag til aktivitetar. Her kan du også låna/leiga div. utstyr som telt, robåtar og kanoar.
Reiserute
Buss: Nummer 499 frå Bergen busstasjon. Turen tek ca. 1 time og 15 min. For oppdaterte bussruter: www.skyss.no. Transport med offentleg buss til museet er inkludert i Bergenkortet.
Bil: Følg Riksveg 555 mot Sotra/Askøy til Storavatnet der du tek til høgre i rundkøyringa. Deretter er det berre å følgja Fylkesveg 562 over Askøybrua og vidare nordover til du endar på Herdla. Følg skilting mot Herdla fort.
Det går buss til Herdla fleire gonger om dagen (buss 499 frå busstasjonen i Bergen).
På bestilling kan museet opna også for mindre grupper. Herdla museum har gratis inngang for born og besøkande med Bergenskortet. Museet er universelt utforma.