Barna likar seg på Herdla, her er spennande stiar, bunkerar frå krigen, runde steinar i fjæra og fine klatretre. Rundt museet er det eit leikeområde med sandkasse, slakkline og ganske snart også ein klatrepyramide. På «Bua» kan du låna rullebrett, telt, kikkert og mykje anna. Trøbilane som du kan leiga på museet er alltid populære.