Natur og kulturhistorie

Krigshistorie

For dei som er interesserte i krigshistorie så finst det mange spor etter den tyske aktiviteten på Herdla gjennom krigsåra.

Rullebanane ved «Flieghorst Herdla» var laga av tre og blei fjerna etter krigen. Det som er lettast å leggja merke til i dag er taksebanane og den store splintbunkeren ytst på Valen. Vidare finst det restar etter luft- og nærforsvarstillingar i ein vid omkrins rundt Valen.

Nord på øya, i nærleiken av torpedobatteriet, finn du restane etter «Heeresküstenbatterie Gavlen». Mest markant er ein overdekka kanonstillinga (kasematt), men her finst også andre ganske intakte stillingar og bunkerar.

Geologi

Øya Herdla er eit produkt av isbreen si siste framrykking for rundt 12 000 år sidan. 

Isen og issmeltinga førte då med seg dei lausmassane som karakteriserer Herdla i dag. Langs Vestfjæra finn du det einaste dømet på moreneklintkyst i Hordaland. Ovanfor rullesteinsstranda er det ein bratt skrent som følgje av at sjøen har grave seg inn i morenen. Her kan du studera korleis massane er sette av lagvis i ei tid då havnivået var langt høgare enn no. 

Herdla gård

Heilt sidan vikingtid har Herdla vore ein storgard.

Då Harald Hårfagre la under seg Vestlandet var Herdla ein del av jordegodset han sikra seg. Etter reformasjonen låg garden under kongen inntil lagmann Hans Hansen Smidt i 1662 sikra seg garden. Han blei adla under namnet Lilienskiold. I 1841 kjøpte kjøpmann Iver Pedersen frå Rennesøy Herdla.  Garden har sidan høyrt til denne slekta.

Den gamle hovudhuset frå 1790-åra vart freda alt i 1909, men fredinga blei oppheva etter krigen som følgje av at okkupantane hadde rasert huset.

Med sine over 600 mål er Herdla er den garden i Hordaland som har størst innmarksareal. Gardbrukaren la i år 2000 om frå mjølk til kjøtproduksjon. I sommarhalvåret beitar dei meir enn 100 kyrne saman med kalvane sine over store delar av øya. Dyra er ikkje farlege, men dette føreset at ein ikkje skremmer dei eller skapar situasjonar der kyrne kan oppleva at kalvane er truga.

Herdla kyrkje

I eit brev frå pave Eugenius 3. i 1146 blir St. Nicolaus-kyrkja på Herdla nemnt. Den gamle  steinkyrkja stod heilt fram til 1861. Då ho blei riven og dagens kyrkje reist på dei same tuftene.

 I 1934 brann kyrkja, men blei bygd opp att året etter. Under krigen reiv okkupanten tårn og tak og brukte kyrkjebygget som lager og stall. Også denne gongen blei kyrkja bygd opp att og kunne vigslast på ny i 1951. På grunn av planar om sivil flyplass på Herdla var det gjenreiste tårnet mykje lågare enn det opphavlege. I 2008 blei tårnet heva til si opphavleg høgd.