Plastutstilling og familiedag

Vi ynskjer store og små velkommen til familiedag og opning av den fargerike og spennande Plast-jakten utstillinga! 

Saman med Herdla Kyrke, Norsk Ornitologisk Forening og Naturvernforbundet i Hordaland, byr vi på god stemning og aktivitetar for store og små!

PROGRAM

11-12

Utegudsteneste

12-15

Fuglanes dag

Vi markerer fuglanes dag, og du kan bli med på spennande aktivitetar som ringmerking, snekring av fuglekassar og fuglebingo!

13-14

Bli med på plastjakta - utstillingsopning

Plastjakten-utstillinga er laga av Naturvernforbundet i Hordaland og tar for seg plastproblematikken i verda som får eit stadig større fokus.

Utstillinga forklarer på ein biletleg måte kva for nokre skader plast og forsøpling forårsakar, og korleis dei oppstår. Ikkje minst fokuserer den på kva kvar og ein av oss kan gjere. I plastjakten jaktar vi saman på dei gode, bærekraftige løsningane. Utstillinga inviterer deg til å leite etter plast, lære deg kor forskjellige typar plast kjem frå, bli med på plastquiz og sjå flotte grafikkar om plast på avvege.

Under opninga blir det eit kort foredrag om plast, musikalsk innslag og lett servering.