Herdla er ei heilt spesiell øy der det er masse å oppleva. Det kan vera lurt å starta på museet der du kan få gode og tips og bli litt kjent med øya si historie.
Veit du at her var det flyplass under krigen og at museet har utstilt eit ekte fly som høyrde til her då?
- Besøk fugletårnet på Valen. Frå tårnet kan du sjå viper, ender, måkar og kanskje ei ørn. Herdla er fuglane sin fristad, derfor må du vera stille og passa på kvar du trør. Følg med på skilta som fortel kvar du har lov å gå.
- Møt ei geit. På Herdla fort held det til ein heil flokk med geiter. Dei let seg gjerne klappa dersom du tek kontakt, men ikkje gje dei mat.
- Bli klok på uglene. På Herdla museum er det ei utstilling som viser alle uglene i Noreg, frå den vesle spurveugla til den store hubroen. Også Hedvig, den kvite ugla du kanskje kjenner frå Harry Potter er på plass.
- Finn favorittsteinen din. På utsida av Herdla har is, vind og sjø runda steinane i fjæra slik at dei er blitt glatte og fine.
- Gå på krabbejakt! På Herdla er det mange fine strender der du kan leita etter krabbar og skjell.
- Fly drage. På Herdla er det ofte vind og dessutan god plass. Begge delar må til om du skal fly drage. Bruk sletta inne på Herdla fort, då uroar du korkje fuglane eller kyrne.
- Overnatt i telt eller hengekøye. På Herdla fort er det mange fine plasser å setja opp telt eller hengekøye.
- Bli med inn i fjellet! Tidlegare sat det soldatar inne i fjellhole på Herdla og passa på at ingen fiendar skulle passera øya. Då var det hemmeleg kva som gjekk føre seg inne i fjellet, no er det råd å koma på besøk og sjå korleis dei hadde det. Snakk med musèet!
- Reis på padletur til Skarvøy. Skarvøy er ei spennande øy med tunellar, ruinar og bunkerar. På museet kan du låna kano, årar og redningsvest. Skal du leggja ut på denne turen må været vera bra, du må kunne symja og vaksne må vera med.
- Rydd ei strand saman med familien din. Det er mange som er flinke til å plukka plast på Herdla, men det kjem heile tida nytt boss. På Herdla fort finn du sekker, her kan du også setja dei frå deg når dei er fulle.
Avslutt dagen med ein dukkert!