Jonas Fjeld og Kvarts

Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokale har Fjeld sunge og skrive låtar som sit dønn fast i den norske folkesjela. Karane gler seg til å stå på scena på Herdla museum!

Alt før «Engler i sneen», «Hun kom» og andre hits, snusa Fjeld på tradisjonsmusikk av ulike slag. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og Fjeld er seinast i vinter aktuell både i USA og Noreg saman med stjerneartisten Judy Collins og Chatham County Line. Kvarts feira 20 år i 2018, mellom anna med to konsertar der dei tok opp att det særdeles trivelege samarbeidet med Jonas Fjeld. Denne musikalske samskapinga starta alt i 2006, og dei let anglo-amerikanske tonegangar blande seg uhemma med musikk dei likar å tru er urnorsk. Så moro er dette at Fjeld og Kvarts berre må treffast å spela nokre konsertar kvart år, og denne gongen vart heldigvis Voss med i turneruta.

Vel møtt til ein konsert med laus snipp og store øyre både på spelemenn og forhåpentleg også publikum!

Bilettar: kr. 450,-, link: https://www.ticketmaster.no/event/jonas-fjeld-kvarts-billetter/630401?fbclid=IwAR1JQdwFwUINepqzk_MQyuyHwmRXJRWEO-9cpCfynUxn62Cg3w842P-G0RM