Søndag 28. september er siste sjanse for i år til å bli med på ein guida tur gjennom torpedobatteriet på Herdla
I 2001 blei Herdla torpedobatteri lagt i møllpose, berre nokre få år etter at det hadde gjennomgått ei omfattande modernisering. I dag er anlegget freda som eit kulturminne frå den kalde krigen. Ein besøk i anlegget gjev eit godt inntrykk av korleis forsvaret var budd til å slå tilbake eit åtak frå ein fiende som ein frykta ville bruka alle tilgjengelege midlar.