Fugleliv

Fugleliv

Fuglelivet på Herdla er svært rikt.  Under trekktida vår og haust kan du sjå store flokkar med vadefuglar som leitar etter mat i fjæra. I vinterhalvåret er det flokkane med dykkender som leitar etter mat ute på Herdleflaket som dominerer. Om sommaren er det vipe, lerke og andre artar knytt til det opne kulturlandskapet som karakteriserer fuglelivet på øya.

I 1985 blei det 1,3 km2 store naturreservatet på Herdla etablert. Dette er omkransa av eit fuglefredingsområde på 3,1 km2.

I hekketida (15. april-30. sept.) er det ferdselsforbod langs stranda i Prestvika, men også resten av året er det viktig å opptre slik at ein uroar fuglelivet minst mogeleg. Det nyopna fugletårnet i Prestvika har gjort dette lettare.  Herifrå har ein flott utsyn over stranda og fugledammane innanfor strandvollen.

Herdla Fuglestasjon

Herdla Fuglestasjon vart oppretta i 2012. Formålet med aktiviteten er å skaffa nye data om fuglelivet på ein del av Herdla som tidligare har vore mindre kjend.

Herdla har lenge vore kjend for sitt rike fugleliv knytt til strandsona og det grunne Herdlaflaket. Lokaliteten er Hordalands beste fuglelokalitet og i over 40 år er det systematisk innsamla observasjonar frå Herdla. Det har vore mindre kjend kva rolle området har for diverse spurvefuglar både som trekklokalitet og hekkeområde.

Då Herdla Fort vart tilgjengelig for allmennheten, var det ornitologiske miljøet tidleg ute og signaliserte at det var ynskjeleg å få sett i gong organisert ringmerking for å betre kunnskapen om kva rolle Herdla har også for desse fuglegruppene.

Me mottar stadig rapportar om gjenfunn av våre fuglar både frå inn og utland, noko som gir økt kunnskap om trekkruter om hausten og kvar dei overvintrar.

Totalt er det merka 7644 fuglar og 71 ulike artar i perioden 2013-2016. Gråsisik er den arten det er merka flest av med heile 1647 individ.

Verksemda er et samarbeidsprosjekt mellom Norsk Ornitologisk Forening, avdeling Bergen Lokallag og Bergen Ringmerkingsgruppe. For meir info om verksemda og foreininga, sjå heimesida vår på: http://www.fuglar.no/

Herdla fugletårn

I løpet av sommaren 2017 blei det reist eit nytt fugletårn ved Prestvika. 

Frå tårnet, som er i to høgder, har du flott utsikt både mot stranda og mot dei opparbeidde fugledammane. Bygget er ope for publikum til ei kvar tid.

Tårnet er eit av Fylkesmannen i Hordaland sine tiltak i fuglefredingsområdet på Herdla. Målsetjinga er god tilrettelegging for publikum utan at fuglelivet vert skadelidande. Fugletårnet er teikna av arkitekt Lars Berge og finansiert av Fylkesmannen i Hordaland medan Museum Vest står som eigar.