Herdla Museum presenterer ei utstilling av forfattar Frode Grytten og fotograf Erlend Berge, der tekst og fotografi møtest i ei utforsking av det offentlege ordet og dei romma det blir ytra i.
Gjennom eit sju år langt arbeid har Berge reist rundt i Noreg og fotografert talarstolar i vid forstand – frå regjeringskvartalet og konferansehotell til 17. mai-pynta ungdomshus og bortgøymde rom i nedlagde kommunehus. Desse stadene, ofte enkle og uanselige, ber i seg spor av stemmer, ytringar og fellesskap som har vore med på å forme samfunnet.
Grytten sine tekstar tilfører eit litterært lag til bileta. Med eit presist og sansande språk opnar han for refleksjon kring kven som får snakke, kva som blir sagt, og kva som blir ståande att når romma stilnar. Saman skaper tekst og fotografi eit rom for ettertanke – der det dokumentariske og det poetiske verkar side om side.
Utstillinga løftar fram talarstolen som symbol på demokratiet og dei kollektive forteljingane våre. Samstundes peikar ho på ei rørsle i samtida: ei endring i korleis vi møtest, lyttar og ytrar oss. Kva skjer med fellesskapet når dei fysiske romma for tale og samling endrar seg – eller forsvinn?
- 1/2
- 2/2