Hopp til hovedinnhold

Fugleliv

Fuglelivet på Herdla er svært rikt. Under trekktida vår og haust kan du sjå store flokkar med vadefuglar som leitar etter mat i fjæra.

I vinterhalvåret er det flokkane med dykkender som leitar etter mat ute på Herdleflaket som dominerer. Om sommaren er det vipe, lerke og andre artar knytt til det opne kulturlandskapet som karakteriserer fuglelivet på øya.

  • Mann held ein perleugle i handa
    Perleugle Terje Hansen

Naturreservat

I 1985 blei det 1,3 km2 store naturreservatet på Herdla etablert. Dette er omkransa av eit fuglefredingsområde på 3,1 km2.

I hekketida (15. april-30. sept.) er det ferdselsforbod langs stranda i Prestvika, men også resten av året er det viktig å opptre slik at ein uroar fuglelivet minst mogeleg. Det nyopna fugletårnet i Prestvika har gjort dette lettare.  Herifrå har ein flott utsyn over stranda og fugledammane innanfor strandvollen.

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 2