Opning 13. september kl.12
- 1/1
Kva skjer når lidenskap for reiser, natur og svevande fridom møtest i lufta? I utstillinga Fri som fuglen - paragliding jorda rundt inviterer paragliderpilot og fotograf Ole Dalen og fotograf Merethe Leirvik deg med på ei visuell reise over nokre av dei mest spektakulære landskapa i verda - sett frå lufta.
Gjennom fotografi og filmklipp dokumenterer Dalen og Leirvik korleis paragliding er meir enn ein sport - det er ein livsstil, ei reiseform og ein måte å kome tett på naturen på. Frå dramatiske fjell og kystlinjer til rolege svev over dalar og jungel - bileta formidlar kjensla av fridom, høgdeskrekk og begeistring på same tid.