Hopp til hovedinnhold

Foredrag - Den store flukten

Ei dramatisk rømming under andre verdskrigen knyter saman norsk historie og ei sterk lokal forteljing frå Askøy. Historia om flukta frå Stalag Luft III er både spennande og tragisk, og gjennom Sæther si bok får vi eit nært innblikk i mot, håp og lagnadene til dei fire norske deltakarane – mellom dei Halldor Espelid.

I Sæther si bok, som kom ut i haust, fortel han om flukta, samstundes som han gjev ein grundig presentasjon av dei fire nordmennene og lagnaden deira.

Strusshamn, Fargeriet Herdla Museum
23. mars 2026
19.00

Natt til 25. mars 1944 rømde 76 allierte pilotar frå den tyske fangeleiren Stalag Luft III. Dette er ei verdskjent rømmingshistorie. Rømminga er også eit stykke Noregshistorie då det var fire nordmenn med på flukta, men det er også eit stykke Askøy-historie. Halldor Espelid frå Kleppestø kom seg ut av leiren, men vart eit offer for nazi-regimet sine represaliar.

  • 1/1

I Sæther si bok, som kom ut i haust, fortel han om flukta, samstundes som han gjev ein grundig presentasjon av dei fire nordmennene og lagnaden deira.

Sæther er historikar og journalist. Han har vunne den store journalistprisen og gjeve ut fleire bøker m.a. «De likviderte» om den norske motstandsrørsla sine likvidasjonar under krigen (2023).

Inngang: kr 100,- 

Billetter: Kan kjøpast i døra på Fargeriet

  • 1/1