Hopp til hovedinnhold

Barnas Herdla

Skal du på tur med barn så er Herdla staden. Her er lange strender, spennande ruinar og kyr, kalvar og geiter i store flokkar. På og rundt museet finn du dessutan eit flott leikeområde.

Museet er eit godt utgangspunkt om du skal oppdaga Herdla saman med barn. Alt ligg til rette for leik, utforsking og gode opplevingar.

Herdla Museum
22. mars – 31 .des. 2026
I opningstida til museet

Opplev Herdla med heile familien

Museet er eit godt utgangspunkt om du skal oppdaga Herdla saman med barn. Her kan du få kart og tips til både korte og lange turar. For dei minste er det mykje å finna på i og rundt museet.

  • 1/3
    Lars Ågren
  • 2/3
  • 3/3
    Silje Katrine Robinson | Stiftelsen Museum Vest

Museet har ein triveleg lekekrok der barna kan kose seg med spel, mange bøker og andre spennande leiker. Her kan dei òg teikne og utfalde seg kreativt, og det finst leiker som passar godt for dei minste. Alt ligg til rette for leik, utforsking og gode opplevingar. For dei største kan det vera spennande med ein tur langs Vestrefjæra eller til Ytste Valen. Det mest populære tilbodet vårt er utleige av tråbilar.

  • 1/7
    Gunnar Furre
  • 2/7
  • 3/7
  • 4/7
  • 5/7
  • 6/7
    Barn på den gamle flystripen på Herdla Vivian Torvund Berg
  • 7/7
    Silje Katrine Robinson