Me avsluttar sesongen med ein varm og skapande juleverkstad – i samarbeid med Sammen Nordre Askøy. I år bakar me peparkaker og lagar julepynt av gamle leiker og andre gjenbruksmaterialar. Me har ei flott samling materiale klar til bruk, men har du gamle leiker, klede eller ting som ikkje blir brukt lenger – men som er for kjære til å kasta – ta dei gjerne med!