Herdla - natur og historie

Med museet som utgangspunkt, kan du bli betre kjent med ei lita øy som har mykje spanande å by på. Etter eit besøk vil du forstå kvifor Herdla har så unik natur, flotte strender og rikt fugleliv. Du vil også få eit godt innblikk i øya si dramatiske krigshistorie. 

 

Herdla blir til - frå nakne knausar til storgard

På ein guida tur får du vita korleis den smeltande innlandsisen forma moreneøya Herdla og gjorde at det tidleg kom busetnad her. Vidare får du kjennskap til storgarden på Herdla og til øya si lange historie som kyrkjestad og kommunesenter.

Fugleliv

Du kan også få informasjon om det rike fuglelivet på Herdla. Med kikkert får du sett nærare på mange av dei artane som er typiske for øya. Du finn også opplysningar om fuglefredingsområdet og kva omsyn du bør ta når går tur der.

Jagarflyplass og kystfort

Herdla fort og flyhallen er eit godt utgangspunkt dersom du vil rundt på øya for å sjå etter spor frå krigens dagar.