Herdla Fuglestasjon

Herdla Fuglestasjon vart oppretta i 2012 som blei første året med organisert fangst gjennom både vår- og hausttrekket. Formålet med aktiviteten er å skaffa nye data om fuglelivet på ein del av Herdla som tidligare har vore mindre kjend.

 

Herdla har lenge vore kjend for sitt rike fugleliv knytt til strandsona og det grunne Herdlaflaket. Lokaliteten har lenge vore Hordalands beste fuglelokalitet og i over 40 år er det systematisk innsamla observasjonar frå Herdla. Det har vore mindre kjend kva rolle området har for diverse spurvefuglar både som trekklokalitet og hekkeområde.

Då Herdla Fort vart tilgjengelig for allmennheten, var det ornitologiske miljøet tidleg ute og signaliserte at det var ynskjeleg å få sett i gong organisert ringmerking for å betre kunnskapen om kva rolle Herdla har også for desse fuglegruppene.

Me mottar stadig rapportar om gjenfunn av våre fuglar både frå inn og utland, noko som gir økt kunnskap om trekkruter om hausten og kvar dei overvintrar.

Totalt er det merka 7644 fuglar og 71 ulike artar i perioden 2013-2016. Gråsisik er den arten det er merka flest av med heile 1647 individ.

Verksemda er et samarbeidsprosjekt mellom Norsk Ornitologisk Forening, avdeling Bergen Lokallag og Bergen Ringmerkingsgruppe. For meir info om verksemda og foreininga, sjå heimesida vår på: http://www.fuglar.no/