Gul 16 - frå kampfly til kulturminne

Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet Gul-16 av frå Fliegerhorst Herdla. Først 64 år seinare returnerte det. Du kan få sett Gul- 16 i ei eiga utstilling på Herdla fort. Her får du også heile historia om flyet sin lagnad.

 

 

DSC00742-2

Eit fasinerande vrak

Gul-16 står utstilt i ein eigen hall inne på Herdla fort. Vraket er skjørt og skakt etter eit dramtisk havari og mange år på havbotnen, men framleis lett å idetifisera som ein Focke Wulf 190 - eit av dei mest legendariske jagarflya frå 2. verdskrigen. Ein AV-presentasjon fortel om flyet si historie frå det tok av frå Herdla i 1943 til det kom attende i 2007. I ein eigen monter får du studert våpen og andre spesielle delar.

 

 Fakta:

  • Gul 16 (Gelbe 16) var det operative kjenneteiknet til flyet
  • Flytype: Focke Wulf 190 A-2
  • Havarerte den 15. desember 1943
  • Funne på havbotnen ved Misje i mai 2005
  • Heva den 1. november 2006