Herdla gjennom varm og kald krig

Tilbodet vil gjera elevane kjent både med Herdla si krigshistorie og med øya si rolle under den kalde krigen.

Sted: Herdla Museum
Klassetrinn: 8. - 10. trinn
Max antall elever: 30
Varighet: Heldagsopplegg (hele året)
Pris: GRATIS
Påmelding: Se bestillingsskjema nedenfor

 

Utgangspunktet for formidlinga vil vera dei mange forsvarshistoriske kulturminna som øya har å by på. I første bolk vil fokus vera på Herdla under den tyske okkupasjonen, då det fanst både flyplass og kystfort på øya. I andre bolk, med fokus på den kalde krigen, vil me oppsøkja Herdla torpedobatteri. Anlegget er freda og står fram nærast som operativt. Her får ein eit godt inntrykk av den trugande atmosfæren som prega den kalde krigen.

 

 

 

Bestillingskjema