Frå frø til frukt – blomar og tre på Herdla

Denne dagen er det fokus på plantelivet på Herdla.

Sted: Herdla Museum
Klassetrinn: 1. - 7. trinn
Varighet: Heldagsopplegg (mai - september)
Max ant. elever: 30
Pris: GRATIS
Påmelding: Se bestillingsskjema nedenfor

 

Elevane får studera korleis planter er bygde opp og korleis dei spreier seg. Dei får også vera med i fuglehagen vår og, avhengig av sesongen, vera med å planta, luka eller hausta inn. Aktuelle stikkord er: systematisering av planter, fotosyntese, frå frø til plante. Mat for menneske, fuglar og dyr, frølotto.

Bestillingskjema