Turar og aktivitetar

Med sitt særprega og lett tilgjengelege landskap kan Herdla by på mange flotte naturopplevingar. Området er også godt tilrettelagt for ulike aktivitetar. På same tid er naturen sårbar, ta difor omsyn og følg skilt og påbod.

Turar

På Herdla finst det fleire gode turalternativ. Det som særpregar alle er utsynet og nærleiken til sjøen. Tur på Herdlevalen er sjølve klassikaren, men like flott kan ein tur langs i Vestfjæra vera. Denne er ikkje så lang, men spennande ettersom stien går langs den spesielle rullesteinsstranda. På fortsområdet er turalternativa mange. Du kan gå eller sykla langs hovudvegen, følgja joggeløypa eller ta inn på ei av skogsløypene.

Herdla fort

Herdla fort, som i 2015 vart kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Hordaland, kan vera eit godt utgangspunkt. Frå parkeringsplassen kan du velja om du vil følgja den asfalterte vegen rundt området eller turløypa som er litt lengre og krev litt betre fottøy. Undervegs vil du treffa på ulike forsvarshistoriske kulturminner, nokre frå 2. verdskrigen, andre frå etterkrigstida. Du får dessutan flott utsikt både i retning Nordhordland og Sotra/Øygarden.

 

Herdlevalen

Herdla fort er eit godt utgangspunkt også om du vil gå tur på Herdlevalen. Dette er ei store strandslette som er eineståande på våre kantar. For å koma ned til Valen følgjer du stien som tek av frå asfaltvegen like etter bommen. Du kan også parkera ved snuplassen for bussen og starta turen derifrå.

 

Vestfjæra

Eit tredje turalternativ er å følgja rullsteinsfjæra langs vestsida av øya. Du kan då starta ved parkeringsplassen like etter brua og følgja stien som går langs stranda nord til komposteringsanlegget. Herifrå går det bilveg forbi skytebanen og tilbake til Herdlevågen.

 

https://www.bof.no/omrade/turomrade/herdla

"Fuglehagen"

Ta ein tur innom "Fuglehagen" vår! Hagen er opparbeidd i samråd med Herdla fuglestasjon. 

Her dyrkar me grønsaker, rotfrukter og litt korn. Ved hagen har me grove ut ein dam og planta ulike tre og buskar som kan fungera som skjul for fuglar og dyr. Målet er å få eit variert miljø som kan verka til å auka det biologiske mangfaldet.

Kanoutleige

Museet leiger ut kanoar i sommarhalvåret. 

Spør museumsverten så får du utlevert årar og redningsvestar. Pris: kr 100,- pr. kano pr. dag. Merk: du brukar kanoen på eige ansvar.

Disc-golf

På Herdla fort ligg ein disc-golf bane med 18 hol. 

Du kan lasta ned kart over banen (www.stormkast.no) eller få kart på museet. Museet leiger ut/sel discar.

Aktivitetsdagar

Den siste søndagen i kvar månad er det aktivitetsdag på museet. 

Aktivitetane er særleg retta inn mot familiar med born og me freistar å tilpassa tilbodet til årstida. Informasjon om den aktuelle aktivitetsdagen kan du finna på nettsida og på facebook.

Fortsdagen

Dette arrangementet er eit samarbeid mellom museet, Askøy turlag og dei ulike laga som driv aktivitetar på Herdla fort. 

Herdla fort-dagen finn alltid stad den 1. søndagen i september (Kom deg ut dagen).

Vikingmarknad

Marknaden, som Askøy Vikinglag står bak, finn stad den siste helga i august på Herdla fort.