Praktisk informasjon

 

 

Turen til Herdla

Det er lett å koma seg til Herdla med både buss og privatbil. Når du er komen til øya er Herdla fort eit godt utgangspunkt anten vil gå tur eller vitja museet. Me held til eit nytt, moderne bygg med flott utsikt over Herdlevalen.

Herdla ligg heilt på nordspissen av Askøy. Frå Bergen sentrum følgjer du Rv 555 i retning Askøy/Sotra til Storavatnet. Her tek du av på Rv 562 som du følgjer over Askøybrua og vidare heilt til Herdla. Når du har passert Herdlebrua held du fram ca. 500 meter før du svingar til venstre mot Herdla fort. På fortet er det offentleg parkeringsplass og toalett. Frå parkeringsplassen ser du den store lyse bygningen der museet held til. Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 45 min.

Det går buss direkte frå Bergen busstasjon til Herdla (rute 499). Sjekk rutetider på skyss.no. Med "Bergenskortet" reiser du gratis med bussen.

Kjem du med båt er det råd å leggja til i Herdlevågen der det er offentleg kai. Like aust for kaien er det bubilparkering i regi av Herdla gård.

Servicetilbod

Museet har ein koseleg kafé med peis og eit utandørs kaféområde som kan nyttast når været er godt. I kaféen kan du kjøpa kaffi, kaker, drikke m.m. Grupper kan tinga servering på førehand, både kaffi, lunsj og middagsrettar.

Museumsbutikken

I butikken sel me m.a. lokalhistoriske bøker og handbøker om fuglar, dyr og planter. Me har også treleiker og puslespel, forutan eit lite utval av lokale matvarer.

WI-FI

Me har gratis trådlaust nett. Passord får du hjå museumsverten.

Tilgjenge

Herdla fort er godt tilrettelagt for rørslehemma, dette gjeld også museet sine lokale. Treng du praktisk hjelp eller særleg tilrettelegging, ta kontakt med museumsverten.

Utleige

Museet er godt eigna for både seminar og familiesamlingar. Me kan tilby lyse og luftige lokale og ikkje minst ei eineståande utsikt frå salen i 2. høgda. I kaféområdet i 1. høgda kan me servera kaffi, lunsj- og middagsrettar til både små og store grupper.

Organisasjonar

Me kan ta i mot opp til 70 personar for møter, konferansar og seminar. Dette kan kombinerast med omvising i utstillingane eller guida turar til t.d fugletårnet eller torpedobatteriet.

 

Private

Museet kan vera ei god ramme for markering av merkedagar som bryllaup, konfirmasjon, dåp og gravferder. Ta kontakt for tilbod. Me gjer merksam på at me må tilpassa utleiga til museet sine ordinere opningstider.