Naturopplevingar

Herdla skil seg ut frå områda rundt både når det gjeld geologi, fugleliv og historie.

Det beste utgangspunktet er Herdla fort, som vart kåra til Hordalands mest attraktive friluftsomåde i 2015. Frå parkeringsplassen kan du velja om du vil følgja vegen eller den opparbeidde turløypa rundt fortsområdet. Undervegs vil du treffa på mange forsvarshistoriske kulturminner og dessutan få flott utsikt både i retning Nordhordland og Sotra/Øygarden.

Herdla fort er også eit godt utgangspunkt om du vil gå tur på Herdlevalen. Denne store strandsletta er eineståande på våre kanter og eit svært populært turmål. Det følgjer visse restriksjonar av at Valen er eit fuglefredingsområde. Desse går fram av skilta du passerer på veg inn i området.

Eit tredje turalternativ er å følgja rullsteinsfjæra langs vestsida av øya. Ein kan starta ved parkeringsplassen like etter brua og deretter følgja stien som går langs stranda nord til Herdla gård sitt komposteringsanlegg. Herifrå går det bilveg forbi skytebanen og tilbake til Herdlevågen